Sommar, ja


Dette verket blei framført under SINTEF Energiforskning, Termisk energis grillfest 20 juni 2001.

Medborgarar, god aftan. I år fall sommaren på den 16. mai. Difor er det meiningslaust at me sit her og har sommarfest i dag, over ein månad for seint, så eg føreslår at me fer heim med ein gong.

No. Det ser ut til at arrangørkomitéen har si eiga oppfatning av dette, så det er vel best at eg held fram med denne framseiinga mi, for å unngå represaliar. Kan henda er det at eg sit her, ein represalie, i så fall truleg mot tilhøyrarane, men det er no så. Der er noko med alt.

Her ein dag kunne ein lesa det revolusjonerande nyhende over sju spalter i Adresseavisen at laksefiskarane ynskjer seg betre vêr. «Eit par grader» høgare temperatur ville dei gjerne ha. Om det dreidde seg om luft- eller vatntemperatur, var uklårt. Artikkelen sa heller ikkje noko om andre grupper og kor mykje varmare dei vil ha det. Dermed er eg viss på at me kan sjå fram til ein spanande artikkel-sommar, der det blir kasta eit kritisk, journalistisk lys på tema som idealtemperaturen sett frå eit revisor-kontor, den optimale nedbørsmengda for tenesteytande sektor og jordbærplukkarens føretrukne luftfuktgrad. Dette kjem sjølvsagd i tillegg til eit konstant og skarpt fokus på andre viktige tema som agurk-krumming, Nils Arne Eggens grillmeny og Herr og Frau Schmidt frå Freiburg på dobiltur.

Som kjent er segling kunsten å bli våt og kald medan ein kjem seg sakte frå punkt A attende til punkt A, under store utgifter. Det seier seg sjølv at dette er ein aktivitet som har mange tilhengarar. Orienteringslauping fylgjer nesten den same definisjonen, men er ikkje fullt så attraktiv, for utgiftene er merkbart lågare. Likevel er det mange som finn glede i å baksa seg trøytte i lende og ulende, og eg er sjølv blant desse. I motsetnad til det mange trur, er det heilt overflødig å nytta kart og kompass for å finna postane; det er nok berre å lytta. Då vil ein høyra lyden av gjennomseige 60-åringar som brasar i rett line mot neste post, pesande gjennom busk og kratt så kvistar knekk, gjørma fyk og froden står om munnen deira. Ein gong på ein rett veg klarte eg så vidt å ta att ein av desse springemaskinane, og tykte eg hadde gjort det vel. Det skulle snart syna seg at medan eg hadde hatt meir enn nok med å halda farten, hadde oldingen ikkje berre halde farten, men samstundes kikka på kart, terreng og alle solemerker, og dermed, på ein nøye utvald stad, byksa han or vegen, med høgt Mach-tal, inn i buskar og over grøftekantar, og blei borte for alltid. Sjølv trengte eg ein fem minutts pause for å vinna att pusten, og så nye fem minutt for å filosofera meg fram til kor eg var, kven eg var, kor eg kom frå og kor eg skulle hen.

I meteorologien skal ein sommardag visstnok vera ein dag med temperatur over 20 grader. Av dette kan me slutta at sommardagar er noko som ikkje eksisterer på desse kantar, sjølv om årstida blir kalla «sommar». Dette fylgjer den same logikken som Grønland, som ikkje er grønt, og demokratiske folkerepublikkar som korkje er demokratiske eller stifta med tanke på folket. Dette er ein viktig grunn til at mange nyttar sommarferien til å reisa dit pepparen gror. Dei fleste av os veit at det ikkje er ufarleg å forflytta seg frå det høge og protestantiske nord til det låge og katolske sør, og dette er noko me støtt blir minna på gjennom god folkeopplysing i radio, aviser, og sikkert òg i fjernsyn, for dei som ser det. Det er klårt at ein må vera varsam i land der dei svartsmuska og dermed tvilsame innbyggjarane har som hovudleveveg å forgifta einannan med kvitlauk og salmonella, og elles gjennom kjøt, fisk, salat og drikkevatn. Det er rart at nokon i det heile vil bu der nede, og heilt merkeleg at folk fer dit av eigen og truleg fri vilje. Då kan det vera til trøyst, om ulukka skulle vera ute, eller lukka skulle halda seg inne, at fleire av kvitlauks-, siesta- og salmonella-landa har betre helsestell enn vårt eige.

Tales frå Milet sa, i den fyrste halvdelen av det sjette hundreåret før Kristus, at vatn er essensen av alt stoff. Dét veit i alle fall me som kjem frå Vestlandet. No nærmar dagen seg når me skal velja vårt øvste styrande organ, og dermed visa at me er ein nasjon på høgt nivå på alle vis. Då vil filosofar frå ulike skular prøva å overtyda oss om at just deira filosofi er langt meir framskriden enn teorien til dei gamle vatnfilosofane. Til dømes seier Akselsen frå Stord at gass er essensen av all framgong. Vismannen Petersen meiner at lågare skattar er nøkkelen til å forstå verda, medan orakelet Halvorsen hevdar at meir pengar til alle gode føremål er det me treng for å komma nærare Nirvana. Glupast av dei alle er Svarstad Haugland frå Etne, som har sett saman fleire av dei føregåande filosofiane: Både lågare skattar og meir pengar til alle gode føremål er naudsynt for å skapa ei berekraftig og felles framtid for kommande generasjonar og ikkje minst oss sjølve, og denslags, ikkje sant? Dette heiter «syntese av idear». Eg veit ikkje kvifor, men eit ord frå utanlandsk som heiter «å prioritera» kjem opp i skolten på meg. Har det noko med Prior egg å gjera? Den siste setningen har eg med godt samvit stole frå Herbjørn Sørebø. Når ein stel ting, då er ein ein tjuv, men når ein stel idear, då driv ein forsking.

Ha ein god sommar.

STM, 2001-06-20.

stm [a] pvv.ntnu.no