Mykje av opplevinga ved å reisa er folk ein møter undervegs, anten dei
er lokale
- som jenta i Bandung som gjekk på hotellskule og ville starta
sitt eige hotell i framtida, var truande msulim og las Koranen
på arabisk, men foreløpigh levde glade dagar med festing til den
lyse morgon
- eller ungguten frå Sumatra som hadde flytta til Gili Trawangan
for å sleppa unna familiens press om å gifta seg, få seg jobb og
verta respekttabel - på Gili Trawangan kunne han leva ut ideala
til sitt idol Bob Marley
- eller turistguiden i Saigon som sparte til moped fordi han ønske
seg ein kjæreste - det var nemleg det jentene såg etter
- eller den kinesiske jenta som studerte til å verta engelsklærar
og budde i eit eige jenteinternat på universitetsområdet
- eller arkitekten i Bangalore i India som hadde starta eige firma
og vorte nyrik, høyrde på Dire Straits i walkman'en sin og tok
seg ein pils med kompisane på stampuben etter arbeidstid
- eller ...
eller andre reisande
- som den danske 19-åringen som hadde vorte verande tre månader i
Jakarta fordi han hadde fått seg kjæreste der - ho var ein
berømt fotomdell som levde eit jetset-liv med villa med mange
tjenarar, hyppige nattklubbesøk og aukande narkotikaproblem
- eller den engelske pensjonisten som hadde solgt huset og no var
på vei til Molukkane for å tilbringa sine siste leveår der
- eller den kanadiske jenta som reiste Asia rundt med videokamera
og intervjua andre reisande for å finna ut kvifor dei reiste
- eller amerikanaren som hadde teke eit år som utvekslingsstudent
i Japan, hadde fått jobb i Sony og hadde vorte verande i fem år,
men hadde no gått lei og reiste på måfå rundt i verda i eit års
tid mens han tenkte på kva han ville og kva land han ville det i
- eller den tyske flygaren som vart pensjonert då han var 42 og
hadde dei siste 7 åra reist verda rundt på pensjonen sin
- eller det israelske paret på tre månaders bryllupsreise
- eller den amerikanske barneskulelærerinna som gjekk lei, hadde
no reist i fem år, fått rastafletter og høgt urteforbruk
- eller den svenske jenta som hadde vore ein "åndeleg søkar" sidan
ho var 19, budde no på eit New Age-senter i Sverige og var på
pilegrimsferd i India
- eller den ungarske sanskritdoktoranden som reiste sør-India
rundt for å sjå på tempel
- eller..
Last modified: Thu Mar 27 04:51:19 MET 1997
by Thomas Oldervoll