reiseruta

[Indonesia] [Vietnam] [Kina] [Tibet] [Nepal] [India]

Slik såg reiseruta mi ut - eller for å vera meir presis: dette er lista av stader eg reiste til. På ein slik tur vert reiseruta forandra mange gangar undervegs. Litt av stasen med å reisa på dnne måten er at ein kan forandra planar kvar dag, på impuls forandra ruta fordi nokon ein møter fortel om ein stad dei har vore som er glimrande, eller kanskje fordi ein finn seg sympatisk reisefølge som ein har lyst til å slå følge med...

På denne sida beskriv eg reiseruta i grove trekk. Meir detaljar om enkelte land eller stadar kan du få ved å følgja lenkene.

Oversiktsbilete av reiseruta

Starten (26. mai)

Siste eksamen var 15. mai. Heim til Bergen (ca.) ei vekes tid for å ordna dei siste innkjøpa og feita meg opp før turen. 26. mai drog eg avgårde saman med Øystein Aadland, nabo og kamerat gjennom over 20 år.
  • Braathenfly til Oslo (Kilroy tilknytningsbillett)
  • Fly til London (British Airways, Kilroy-billett)
  • Fly til Jakarta, Indonesia (British Airways, Kilroy-billett)
kart over Indonesia

Indonesia (27. mai)

Brukte 7 veker her, besøkte desse øyene:

Java
I grove trekk var ruta her Jakarta, Charita, Bandung, Jakarta, Jogyakarta, Mount Bromo (vulkan), og vidare til...
Bali
Leigde bil i fem dagar og kjørte rundt øya. Var blant anna innom Kuta, Ubud, Gunung Batur, Candi Dasa og Bedegul før me leverte tilbake bilen i Kuta. Drog så vidare til...
Lombok
Drog først rett til sydhavsparadiset Gili Trawangan, blant turistar kjent som ei av "the Gili Islands". Etter nokre dagar i den vesle landsbyen Lendang Nanka tok eit passasjerskip vidare til...
Sulawesi
Kom til "hovedstaden" Ujung Pandang. Denne øya er stor, men me kom oss aldri lenger nord enn til Rantepao i Toraja-land før me måtte returnera til U.P. for å ta eit nytt passasjerskip tilbake til Jakarta. Frå Jakarta flaug me til Ho Chi Minh City, Vietnam (Kilroy-billett).

kart over Vietnam

Vietnam (17. juli)

Her var me i fire veker. Ruta vår var ganske standard - me følgde stort sett kysten frå Ho Chi Minh City til Hanoi, med avstikkarar til Mekong-deltaet i sør og Halong-bukta i nord.

Frå Hanoi hadde me eigentleg tenkt å ta toget over grensa til Kunming i Kina, men på grunn av det vietnamesiske byråkratiet endte det opp som vel så billegg å ta fly til Nanning.

kart over Kina

Kina (12. august)

Det vart berre ein liten flik av Kina denne gongen, den sørvestre fliken. Meir vert det ikkje tid til på vel tre veker. Me starta i Nanning i Guanxi-provinsen og besøkte deretter provinsane Yunnan og Sichuan. No splitta eg opp med reisefølget mitt og drog åleine til Tibet med fly.

kart over Kina med Tibet

Tibet (4. september)

Det er ikkje så enkelt å reisa i Tibet og eg valde "minste motstands vei": Etter ei knapp veke i hovedstaden Lhasa slo eg meg saman med fem andre om å leiga ein jeep for å kjøra til grensa til Nepal. Denne turen tok 6 dgar, og undervegs var me innom mange kloster og Mount Everest Basecamp.

kart over Nepal

Nepal (18. september)

Dei fleste turistane i Nepal er der for å gå på fjelltur. Det vart ikkje så mykje fjellgåing på meg, men tilgjengjeld tok eg eit massasjekurs i Katmandu og drog på raftingekspedisjon på Karnali-elva.

kart over India

India (14. oktober)

Av medisinske grunnar :-) tok eg fly frå Katamandu til Varanasi og ikkje buss slik eg hadde tenkt. I begynte med å reisa søraustover mot Calcutta, men ombestemte meg og drog nordvestover til Taj Mahal i Agra og turbanar, bartar og kamelar i Rajastan.

Turen vidare gjekk ned vestkysten av India, med stopp blant anna i Bombay, eit New Age-senter i Pune, bading og festing i Goa, ruinar i Hampi, høgteknologi i Bangalore før eg kryssa over til Madras austkysten til Madras der eg skulle fly heim frå. Dei siste dagane skulle eg tilbringa i ein liten badeby sør for Madras, men dessverre var det ein syklon i området så veret var forferdeleg.

Det var kanskje like godt sidan det no nærma seg...

Slutten

(13. desember) Kilroybillett med British Airways til Oslo via London. Nattoget frå Oslo til Trondheim var ekstremt behagleg, ein lærer seg å setja pris på norsk komfort etter over eit halvår i utlendighet. Sjølv om eg ville ha føretrekt å fortsetja å reisa eit halvår til, var det fint å koma tilbake til Norge, og.

bilete kart ut å reisa? innhald

Sist oppdatert 27. mars 1997 av Thomas Oldervoll